NRK Meny

Dømd til fengsel etter narkosal

Ein 22 år gammal sogning er dømd til 15 dagar fengsel og ei bot på 6.000 kroner for å ha selt narkotiske tablettar. Han får også inndrege 3.000 kroner. I januar i år selde han 200 tablettar med Winstrol, medan han i mars hadde 55 tablettar Turanabol og 65 tablettar Winstrol på bupælen sin. Mannen brukte også anabole steroidar i mars.

Vegopning på Bergum i Førde kommune