Hopp til innhold

Dømd til fengsel - tre år etter tragisk ulykke

Ein mann fekk kraniebrot og alvorleg hjerneskade etter at han fall over fire meter ned i ei luke i Sogndal. Tre og eit halvt år seinare er ein mann i 60-åra dømd til fengsel og 100.000 kroner i oppreising for å ikkje ha sikra arbeidsstaden godt nok.

Fallulykke i Sogndal
Foto: Arve Uglum / NRK

Ulykka skjedde under arbeid med trekking av ein fiberkabel i Sogndal sentrum i mai 2011. Arbeidarane jobba via ei luke i bakken utanfor eit forretningsbygg, og sikra denne staden på ein provisorisk måte.

Då luka ein kort periode stod utan sikring fall ein forbipasserande mann gjennom luka og over fire meter ned i eit kabelrom. I fallet trefte han toppen av ei gardintrapp før han enda i botnen. Mannen fekk kraniebrot med alvorleg hjerneskade som følgje av fallet.

Retten meiner den eine mannen gjorde det han kunne for å sikre luka, men at han ikkje var til stades då ulykka skjedde. Retten kom fram til at det var kollegaen som hadde ansvaret medan førstnemnde var borte, og at vedkommande var grovt uaktsom ved å ikkje sikre luka godt nok då ulykka skjedde.

Mannen vart dømd til fengsel på vilkår i 21 dagar. Han må også betale 100.000 kroner i oppreising.

I formildande retning legg retten vekt på at saka har blitt gammal, og at det ikkje er noko mannen kan klandrast for. Det gjekk halvanna år frå ulykka skjedde til tiltale vart teke ut - og deretter to nye år før saka kom opp før retten.

– Dette er høgst kritikkverdig, og har utan tvil medført meir påkjenning i ei sak som allereie representerer ei stor påkjenning for alle dei involverte, skriv Sogn tingrett i domspapira.