Hopp til innhold

Dømd til eitt år og seks månader fengsel for vald og trugsmål

Ein mann i 20-åra er dømd til fengsel i eitt år og seks månader for blant anna vald og alvorlege trugsmål mot ekskjærasten.

Sogn og Fjordane tingrett

MÅ I FENGSEL: Mann i 20-åra funnen skuldig i vald og trugsmål.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I over to år truga han og utsette sin dåverande kjærast for både vald og truslar.

Medan ho var gravid tok han ein kniv mot magen hennar og trua med å drepe både ho og barnet.

At ho har halde deira felles barn har ikkje hindra mannen i å utsette henne for vald.

I same periode ladde mannen og ein luftpistol som han heldt opp mot tinningen hennar og trua med å skyte. Nokre månader seinare, medan ho heldt barnet deira, tok han hovudet hennar i fryseboksen medan han trua med å knuse det.

I retten sa mannen seg skuldig i dei fleste tiltalepunkta, men nekta straffskuld for to.

Truga med å drepe

Mannen har seinare ha truga med å drepe kvinna og heile familien hennar. Han skal også ha uttala at han vil «stelle i stand eit helvete for familien hennar» og at han skulle «opne porten til eit helvete».

I tillegg trua han med å sprenge bustaden til ein barnevernstilsett med spikarbombe. Han skulle deretter valdta borna.

I retten nekta mannen straffskuld for trugsmåla, men vedgjekk å ha snakka om ei spikarbombe, og at han samstundes hadde hatt framme ei flaske og spikar. I retten hevda mannen at han ikkje i visst kva planar han hadde hatt.

Retten har på si side festa lit til forklaringa til ekskjærasten om kva som hadde skjedd.

Må i fengsel

Mannen er også dømd for bruk av narkotika og doping, samt vald. Under rettssaka trekte aktor eit punkt om at den dømde skulle ha truga ein mann med kniv.

På dei andre punkta i tiltalen er mannen funnen skuldig, og retten dømmer han til eitt år og seks månader i fengsel.

Seks månadar av straffa er gjort på vilkår, noko som betyr at han slepp å sone dei i fengsel dersom han ikkje gjer nye lovbrot i prøvetida på tre år. I tillegg kjem frådrag av 115 dagar som han har site i varetekt.

Mannen er også dømd til å betale 80 000 kroner i erstatning til ekskjærasten. Han må og betale 10 000 i erstatning til ein mann han hadde slått til slik at vedkomande måtte sy åtte sting.

Han er også dømd til å betale ei bot på 10 000 kroner.