Hopp til innhold

Angrepet vart festa på film - no må mannen i fengsel

Ein ettermiddag i september 2014 gjekk ein mann i 20-åra frå Sunnfjord til angrep på ein mann i eit av handelshusa i Førde. No må mannen i fengsel.

Fjordane tingrett

MÅ I FENGSEL: Sunnfjordmann må i fengsel etter valdsepisode.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

I forkant av hendinga hadde sunnfjordmannen og kjærasten stått utanfor handelshuset. Kjærasten gjekk inn på handelshuset, og den domfelte sette seg då på ein benk utanfor inngangen.

Fanga på video

Det som så skjedde er fanga opp av overvakingskamera i handelshuset. Då den fornærma i saka kjem gåande saman med to andre, sprett sunnfjordmannen brått opp og langar ut eit slag mot den fornærma.

Den fornærma mister balansen og hamnar på golvet med sunnfjordmannen over seg. Videoopptaket syner at sunnfjordmannen slår fleire slag mot den fornærma.

I retten forklarte han at årsaka til valden var at den fornærma skulle ha valdteke kjærasten hans på eit tidlegare tidspunkt. Sunnfjordmannen skal også ein gong tidlegare har slått til den fornærma av same grunn.

Russetreff

Den fornærma forklarte i retten han meinte valden skuldast at han på eit russetreff fleire år tilbake hadde hatt eit seksuelt forhold til ei kvinne, men at han på det tidspunktet ikkje visste at ho var kjærast med sunnfjordmannen.

I dommen skriv retten at dei ikkje skal ta stilling til kva som skjedde eller ikkje skjedde på eit russetreff. Tiltalte har opplyst at den påståtte valdtekta ikkje er meld til politiet.

Retten har likevel forståing for at mannen vart sint og opprørt dersom kjærasten har fortalt han at ho har vore utsett for ei valdtekt.

Det legitimerer likevel ikkje at mannen langt tid etterpå plutseleg angrip den fornærma når han tilfeldigvis ser han på handlesenteret, skriv retten i dommen.

Retten har kome til at 120 dagar fengsel, der 30 dagar blir gjort på vilkår, er passande straff. Til frådrag i straffa kjem to dagar i varetekt.