Hopp til innhold

Fengsel for valdtekt og seksuell krenking mot veninner

Veninnene skulle ha ein koseleg kveld. Same natta vart den eine valdteken, den andre forsøkt valdteken. Av same mann.

No er mannen i 20-åra dømd til fengsel i tre år og seks månader.

Han må også betale den valdtekne kvinna 150.000 kroner i erstatning. I tillegg må han betale den andre kvinna 80.000 kroner i erstatning.

Det var i mai i fjor at den hyggelege jentekvelden fekk ein langt frå hyggeleg slutt. Den eine jenta kjende mannen frå før, og byrja utover kvelden å tekste med han. Dette enda med at han vart med på fest og måtte overnatte. Etter mykje om og menn i same seng som kvinnene.

Utover at dei var innom eitt par utestadar, hevda mannen at han ikkje hugsa noko før han vakna i nitida morgonen etter.

Tingretten la jentene sine forklaringar til grunn. Den eine forklara at han gjentekne gonger drog ned trusa på henne i eit forsøk på samleie. Kvinna drog sjølv opp att trusa, gav beskjed om at ho ville sove og gjekk etter kvart frå både senga og rommet då han til slutt gav opp. Retten fann det utvilsamt at kvinna kjende seg krenkt og i ein pressa situasjon.

Like eins meinte retten at kvinna gav tydeleg beskjed om at ho ikkje samtykka til ynsket hans.

Mannen var tiltalt for valdtekt av kvinna, men vart i retten dømd for utuktig handling.

Den andre jenta vakna av at ho vart valdteken, og gjekk ut i stova til veninna. Etter at ho vart klar over at han også hadde prøvd seg på henne, konfronterte ho mannen med valdtekta. Då meinte han at han hadde gjort det i søvne. Retten støtta seg til sakkunnige i saka og såg bort frå det.

Utover dagen hadde mannen og den valdtekne kvinna kontakt via tekstmelding. Då samtykka mannen i å betale angrepille for kvinna.

Mannen erkjende ansvar for å betale erstatning til jentene. Dette vurderte både påtalemakta og retten som ei erkjenning for dei krenkingar han hadde påført jentene.

Erkjenninga kom mannen til gode i form av eit halvt år kortare fengselsstraff.