NRK Meny
Normal

Mannen som har gitt falsk forklaring i Veronica-saka er tidlegare straffedømt

Mannen i 40-åra som er sikta for falsk forklaring etter dødsfallet til Veronica Stegegjerdet vart pågripen heime tysdag. Den sikta er tidlegare dømd for vald mot politiet.

Årøy

SIKTA ER TIDLEGARE STRAFFEDØMD: Mannen som er sikta for å ha avgitt falsk forklaring etter dødsfallet til Veronica Stegegjerdet er kjend for domsstolen. Her er Kripos i ferd med å undersøke den avdøde sin bustad i Årøy.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

NRK veit at mannen som no er sikta for å ha gitt falsk forklaring i etterforskinga av dødsfallet til Veronica Stegegjerdet, blei pågripen heime i bustaden sin i ein nabokommune til Sogndal tysdag denne veka.

Har vore i fleire avhøyr

Fleire polititenestemenn i to sivile patruljebilar deltok då mannen vart arrestert.

Kripos har gjort undersøkingar i mannen sin bustad, men ifølgje NRK sine kjelder er det uvisst om det vart gjort funn av betydning for saka.

Mannen har vore i politiet sitt søkjelys sidan Veronica forsvann, og har vore inne til fleire lange avhøyr i løpet av etterforskinga.

Sprikande forklaringar tidleg i etterforskinga skal vere ein av grunnane til at politiet no har sikta mannen for falsk forklaring.

Mannen er tidlegare straffedømt for å ha brote fingeren på ein lensmann og tatt kvelartak på ei kvinne.

Møtte ikkje til soning

Opptakten til éin av valdsepisodane skjedde i 2008, då mannen skulle til soning i Vik fengsel. Den sikta har seinare forklart i retten at han unnlét å møte til avtalt soning, fordi han meinte det han var dømt for ikkje var rett.

Norges lover

MØTTE IKKJE TIL SONING: I 2008 nekta mannen som no er sikta å møte til soning av ein tidlegare dom. Då politiet kom for å hente han, braut han fingeren til lensmannen og slo til ein polititenestemann i basketaket som oppstod.

Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

Etter gjentekne skriftlege purringar og oppmodingar frå lensmannen, bestemte politiet seg for å hente mannen "med makt", om det var nødvendig. Den tiltalte hadde ved fleire møter med lensmannen sagt at "om han skulle sone for noko var det for valdsbruk".

Då tre uniformerte polititenestemenn banka på døra til den sikta, skal mannen ha forklart til retten at dei tre mennene møtte med batongar då han opna døra.

Vidare forklarer mannen at dei tre polititenestemennene hoppa på han og hang seg fast, samstundes som dei slo med batongar.

Prøvde å beskytte seg

Forklaringa til politiet er derimot ei heilt anna. Dei forklarer at dei bad mannen om å bli med dei og sa til han at "no er det slutt". Deretter rygga den sikta innover i huset medan han slo mot tenestemennene.

Den første av politimennene heldt hendene opp for å beskytte seg mot slaga, og oppdaga i basketaket at ein finger var broten.

Dei to andre tenestemennene fekk til slutt tak i armane på den sikta, men då skal mannen ha slått til den eine av dei to gongar.

Kalla polititenestemennene

Til slutt fekk dei på han handjarn, og den sikta uttalte at "greitt, eg gir meg". Deretter vart mannen boren ut i politibilen.

Planen var å frakte den sikta til soning i Vik fengsel. Men undervegs fekk politiet beskjed om at fengselet ikkje ville ha den sikta til soning fordi han hadde oppført seg valdeleg under pågripinga.

Dermed måtte mannen fraktast til Bergen fengsel. Her fekk han spørsmål frå personalet om han hadde tenkt å oppføre seg i fengselet. Mannen svarte då at: "Det er dei to nazisvina eg har problem med".

Dermed pådrog mannen seg eit nytt brot i straffelova for å ha komme med skjellsord mot offentleg tenestemann.

Tok kvelartak på kvinne

I 2009 vart mannen også dømd for å ha tatt kvelartak på ein butikktilsett på Leikanger.

Ifølgje dommen var det for retten noko uklart kva som utløyste situasjonen.

Kvinna ønskte ikkje å forklare seg i retten, men til politiet sa ho at dei to hadde ein diskusjon der ho vart svært opprørt, og at mannen tok kvelartak på henne.

Etter at han slapp taket, skal kvinna ha freista å springe ut av lageret, men at den tiltalte tok tak rundt livet hennar og løfta henne opp. Taket skal ha vore så hardt at kvinna hadde problem med å puste.

Då ho kom seg laus sprang kvinna inn på eit toalett.

– Hysterisk

Den sikta mannen forklarte til retten at kvinna var "hysterisk" og byrja å velte bruskassar på lageret. Han forklarte at han tok tak rundt livet på kvinna, men slapp henne då ho slo han i ansiktet.

Retten fann det bevist at mannen hadde tatt kvelartak på kvinna.

Denne hendinga vart først meld til politiet fleire månadar etter. Då kontakta kvinna politiet etter å ha fått fleire truande tekstmeldingar frå sikta.

I dommen er mannen dømd for å ha brote straffelova på fem punkt. For dette fekk mannen ei fengselsstraff på 120 dagar. I tillegg måtte den sikta betale erstatning til lensmannen som fekk brote fingeren.

Fare for forspilling av bevis

Politifullmektig Katrine Trønsdal ved Sogn og Fjordane politidistrikt ønskjer ikkje å kommentere eventuelle tidlegare dommar til mannen som no er sikta.

Politifullmektig Katrine Trønsdal

FARE FOR BEVIS: Politifullmektig Katrine Trønsdal vil gå inn på detaljar kring den falske forklaringa, men seier at siktinga og arrestasjonen er for å sikre bevis og den vidare etterforskinga.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eg ønskjer ikkje å gå i detalj på person. Bakgrunnen for varetektsfengslinga er fare for forspilling av bevis og omsyn til etterforskinga, seier ho.

Ho vil heller ikkje seie noko nærare om kva den falske forklaringa går ut på.

– Politiet er inne i ei omfattande og krevjande etterforsking, der det er viktig å få på plass den totale hendingsgangen. Då er politiet avhengig av at vitna forklarer seg riktig. Når vi då har grunn til å mistenke han for å forklare seg bevisst uriktig, så er det av omsyn til etterforskinga vurdert som nødvendig med varetekt, seier ho.

– Reknar de med å utvide siktinga til mannen?

– Vi forheld oss til den siktinga som ligg føre. Han har ikkje endra status i Veronica-saka, seier Trønsdal.

– Har politiet noko teori om kvifor mannen har forklart seg uriktig?

– Det vil bli ein del av den etterforskinga som pågår no å få klarheit i det, seier ho.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå