NRK Meny
Normal

Sjokkerte og skremde ungjenter med chatting

Sunnfjordingen brydde seg ikkje særskilt om at jentene sin alder. No er han dømd til 237 timar samfunnsstraff for «utuktig tale og rått snakk».

Kontakten mellom mannen og dei to jentene starta med ein grei tone i desember 2013, men tok ei stygg vending i løpet av dei neste tre månadane.

Begge fekk bilete der mannen i 20-åra poserte delvis naken, og begge fekk meldingar med seksuelt innhald.

Ville sjå «meir»

Kommunikasjonen føregjekk på sosiale medium, og mannen hevda sjølv han trudde jentene var over 16 år. Det var også på sosiale medium han spora opp den eldste jenta, etter å ha overhøyrt det han trudde var ein samtale om han.

Jentene forklara i Fjordane tingrett at dei etter kvart opplevde kommunikasjonen som ekkel. Mellom anna bad mannen om å få sjå «meir» av den eine jenta.

Den same jenta fortalde retten at ho vart «sjokkert» og «litt redd» då ho fekk biletet av mannen.

Fann overgrepsbilete

Sjølv hevda mannen at han ikkje hadde seksuell intensjon då han sende biletet. Forsvararen hevda biletet var meir mannsorientert, enn seksuelt orientert. På tidspunktet var sunnfjordingen svært kroppsfiksert, og dreiv med kroppsbygging og anabole steroid.

Mannen vart også dømd for å ha slått til bror til eine jenta han kommuniserte med. Det skjedde etter ein fest der mor til jenta tok opp chattinga med mannen.

Politiet gjekk til ransaking hos mannen i mars same året. På maskina og tre minnepennar fann dei 248 bilete som seksualiserer born.

Hugsa ikkje sjølv

Bileta viste ikkje born som blir utsette for overgrep, og det var heller ikkje vaksne involverte i bileta. Både politiet og retten meinte det ikkje var tvil om at jentene var under 18 år. Sjølv hugsa ikkje mannen å ha lasta ned bileta.

Retten viser til at barnepornografi er eit alvorleg samfunnsproblem som må reagerast strengt mot.

Mannen vart også funnen skuldig kjøp og bruk av narkotika og dopinmiddel.

Han erkjende delvis straffskuld og fortalde at lovbrota skjedde i ein periode der han brukte mykje rusmiddel, var utan fast bustad og sleit psykisk. Han har sjølv teke tak i problema, er no i arbeid og skal flytte saman med kjærasten.

Ulovlege rusmiddel skal han ikkje ha brukt på to år.

Refsa politiet

Retten meinte samstundes at den lange sakshandsamingstida hos politiet strir med menneskerettane om å få ei sak avgjort for retten «innan rimeleg tid».

Saka var ferdig etterforska sommaren 2014. Av ulike årsaker, som ikkje kan lastast mannen, har saka hatt 15 månader liggetid.

Retten dømde mannen til 237 timar samfunnsstraff, som skal gjennomførast på åtte månader. Tre dagar varetekt kjem til frådrag. Han må også betale nær 4.000 kroner i erstatning til mannen han slo ned.