Ikkje langt frå denne minnesteinen ved Florø kyrkje skjedde lovbrotet. Arkivfoto Arild Nybø NRK
Ei sunnfjordkvinne er i Fjordane Tingrett dømd for å ha hatt sex i parken ved kyrkja i Florø. Det skjedde i fjor sommar då den tiltalte vart teken på fersk gjerning av politiet.
Rykte ut til "livlaus mann"
Om kvelden den 9. juli 2004 mottok operasjonsentralen beskjed om at det låg ein livlaus mann ved kyrkja i Florø. Politiet kom på staden og fann der tiltalte med sin medsamansvorne. Den livlause vakna til live, og politiet var i ferd med å forlate staden då tiltalte uttalte "nå går vi i parken og har sex".
- Usømeleg oppførsel ved kyrkja
Politiet på staden tok ikkje dette så alvorleg og returnerte til stasjonen. Men på vegen fekk dei beskjed frå operasjonssentralen om å snu tilbake. For nokon hadde meldt frå om usømeleg oppførsel på staden. Då dei kom tilbake til parken ved kyrkja høyrde dei lydar bak nokre busker. Og som det står i dommen: Lydane indikerte at nokon hadde seksuell omgang. Dei gjekk mot lydane og kunne ganske raskt slå fast at det var tilfelle.
Fritt innsyn skjerpande
Retten finn det særleg skjerpande at det var fritt innsyn mot gjerningsstaden frå HVPU-bustader og ein veg like ved.
Fleire lovbrot
Lovbrotet ved kyrkja i tillegg til ei rekkje mindre tilfelle av tjuveri og narkotikabrotsverk fører til at tiltalte må sone 45 dagar i fengsel.