Hopp til innhold

Sogning dømd for sex med fleire mindreårige jenter

Ein mann tidleg i tjueåra, må sone 300 timar samfunnsteneste og betale 100.000 kroner i erstatning, etter at han nyleg blei dømd for fleire tilfelle av seksuell omgang med mindreårige jenter.

Sogn tingrett

DØMD: I tingretten blei det ført fleire vitne mot mannen som no er dømd for å ha hatt samleie med mindreårige jenter.

Foto: NRK

Mannen måtte nyleg møte i Sogn tingrett med ein alvorleg tiltale retta mot seg. Politiet meinte at mannen hadde tvunge ei mindreårig jente til å ha samleie.

Dette blei han frifunnen for, men retten fann det prova at han hadde hatt samleie med tre ulike mindreårige jenter. I retten blei det mellom anna lagt fram utskrift av fleire samtalar mellom den tiltalte mannen og jentene frå Facebook.

I desse samtalane går det tydeleg fram kva hensikt mannen hadde, og retten stod samla bak domen, som slår fast at mannen no må bruke 300 timar i samfunnet si teneste. Om han ikkje gjennomfører denne samfunnsstraffa innan to år, så må han sone 10 månader i fengsel.

Til to av jentene må han betale 50.000 kroner i erstatning, til saman 100.000 kroner. I tillegg til dei seksuelle handlingane, så blei han også dømd for å ha send seksuelt krenkande bilete til dei mindreårige jentene.