Hopp til innhold

Dømd for seksuell omgang med mindreårig

Ein nordfjording i slutten av 20-åra er dømd til sju månader fengsel for å blant anna ha hatt seksuell omgang med ei mindreårig jente.

I perioden mellom mars og november i 2013 skal mannen ha hatt samleie med ei mindreårig jente fleire gonger. Jenta var på denne tida 15 år. I same periode har dei også utveksla nakenbilete.

Ifølgje Fjordane tingrett har mannen tilstått på fleire av tiltalepunkta. Retten la også til grunn at den fornærma tok delvis initiativ til den seksuelle omgangen, men legg ikkje vekt på dette i straffeutmålinga.

Mannen er i tillegg dømd for å ha kjøpt amfetamin og marihuana, samt sal av amfetamin. Retten ser mest alvorleg på den seksuelle omgangen med ein mindreårig.

Nordfjordingen er i Fjordane tingrett dømd til sju månader fengsel, derav tre månader vilkårsbunde med to års prøvetid. Mannen må i tillegg betale 60.000 kroner i oppreising til jenta.

Nordfjordingen har også hatt ei vinning på 3000 kroner som følgje av sal av amfetamin og har samtykka i inndraging av denne vinninga.