Hopp til innhold

Braut seg inn og stal 100.000 kroner - vart arrestert då han kom i land med ferja

Ein mann i 30-åra er i Fjordane tingrett dømd til eitt år og tre månadar i fengsel for ei rekkje tjuveri og grov vald.

Fjordane tingrett 12
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Dei kriminelle handlingane vart uført i tidsrommet mars 2013 til April 2014. Retten skriv i dommen at tiltalte har vore tung rusmisbrukar i mange år, og at kriminaliteten heng saman dette.

Stal over 100.000 kroner frå butikk

I tillegg til å verte dømd for å ha tilverka, erverva, oppbevart eller overdratt narkotika, er mannen også dømd for ei rekkje tjuveri.

Mannen opplyste til retten at han som oftast har vore rusa når han har gjort seg skuld i kriminelle handlingar, og at vinningskriminaliteten har vore for å skaffe pengar til kjøp av rusmiddel.

Hausten 2013 braut han seg inn i ein butikk og stal over 100 000 kroner, pluss tobakk, alkohol, og ei rekkje andre ting. Seinare vart han arrestert då han kom i land med ferja i Askvoll.

Seinare same haust og vinter braut han seg inn i mange andre butikkar, og stal pengar, alkohol og tobakk.

Slo mann i hovudet med hammar

Våren 2014 oppsøkte den dømde mannen i 30-åra ein annan mann i ein bustad. Etter ei utveksling av ord, gjekk den fornærma til angrep på den dømde. Det enda med at dei begge låg på golvet.

Medan dei låg og kjempa på golvet, fekk den dømde tak i ein hammar, og slo den fornærma i hovudet fleire gonger, slik at mannen byrja å blø kraftig.

Han er dømd for å ha skada ein annan med bruk av særleg farleg reiskap.

Har lang kriminell historie

Mannen har ein lang, kriminell bakgrunn. Dei siste 20 åra er han domfelt til saman 15 gonger. Dette vert den sekstande.

Denne gongen er han dømd for fem grove tjuveri, lekamsskading med bruk av særleg farleg reiskap, eitt simpelt tjuveri, eitt bilbrukstjuveri, to heleri og fire narkotikalovbrot.

Retten har i dommen lagt størst vekt på dei grove tjuveria og valden. Retten meiner at slaga mot hovudet og tinningen kunne ført til mykje større skade enn dei gjorde, og det er skjerpande for dommen.

Fordi mannen tidlegare er dømd for liknande valds- og vinningskriminalitet, vert straffa skjerpa med fire månadar. Men mannen har gjeve ei tilståing utan atterhald, og dette gjer han dei same fire månadane i strafferabatt.

Difor kom retten til at mannen burde dømmast til fengsel i eitt år og tre månadar. Fem av månadane er på vilkår, med ei prøvetid på tre år. I tillegg skal han betale ei erstatning på 100 000 kroner til forskjellige aktørar som er råka av dei kriminelle handlingane til mannen.