Hopp til innhold

Må 90 dagar i fengsel for vald mot muslimsk drosjesjåfør

Opprørt over terroråtaket i Paris, bikka det over for sunnfjordingen då han fekk ein muslimsk drosjesjåfør på veg heim frå fest.

No er mannen i 40-åra funnen skuldig valden som resulterte i at drosja køyrde av vegen ei novembernatt i fjor.

Fjordane tingrett meiner det er klart at episoden vart utløyst av at sjåføren var muslim.

– Retten sin leiar finn det utvilsamt at tiltalte sine handlingar var motivert av fornærma sitt livssyn, og at valdsutøvinga ikkje hadde skjedd om fornærma ikkje var muslim, står det i dommen.

Hugsa ingenting

Mannen erkjende straffskuld for valden som resulterte i utforkøyringa, men kjende seg ikkje att i dei hatefulle ytringane som han skal ha kome med mot drosjesjåføren .

Ein drosjesjåfør som køyrde mannen tidlegare på natta, fortalde derimot at mannen nytta så sterke ord at ho vurderte å åtvare drosjesentralen mot å sende muslimar for å hente sunnfjordingen.

Sjølv var mannen så full at han ikkje hugsa noko frå drosjeturen berre nokre dagar etter koordinerte terrorhandlinga som kravde 130 menneskeliv i Frankrike.

Ville ikkje diskutere

Sjåføren kunne derimot fortelje om ein dramatisk køyretur, der terroren raskt vart tema. Då drosjesjåføren ikkje ville diskutere hendinga i Paris, slo sunnfjordingen til han i skulderregionen.

Vidare trua sunnfjordingen med å skyte drosjesjåføren om slaget vart meldt.

Deretter bad sunnfjordingen om orsaking før valden utarta seg til slag mot ansiktet då drosjesjåføren nekta å ta han i handa.

Ropte etter hjelp

Drosjesjåføren ropte om hjelp over sambandet før drosja køyrde utfor. Mannen gjekk i sjokk, og gjekk delvis sjukemeld i to veker etter hendinga.

Sunnfjordingen forklara retten at han ikkje har noko hat mot muslimar generelt. I den grad han uttrykte hat, meinte han uttalane var retta mot jihadistgruppa islamske stat (IS) og terroristane som stod bak åtaket i Paris.

Retten trudde han ikkje på dette og dømde han både for rasistisk motivert vald og for å ha forulempa politibetjentane som køyrde han til politistasjonen i Flora.

Fengsel i 90 dagar

Retten viser til at drosjesjåførar er ei yrkesgruppe som er særskilt utsett og som skal ha vern mot slike valdshandlingar. I skjerpande retning la retten også vekt på at valden skjedde medan bilen var i fart, og at den har prega sjåføren i ettertid.

Sunnfjordingen er no dømd til fengsel i 90 dagar. Han må også betale drosjesjåføren 20.000 kroner i erstatning, samt vel 3.000 kroner for å dekke utgifter som sjåføren har hatt i utgifter etter hendinga.

Mannen må også betale 5.000 kroner i sakskostnader.