NRK Meny

Dømd for promillekøyring

Ei kvinne i 30-åra, busett i Sunnfjord, er dømd til fengsel på vilkår i 18 dagar for promillekøyring. Ho hadde ein promille på 1,07. Dommen er på vilkår, som betyr at kvinna slepp å sone i fengsel dersom ho ikkje gjer nye brotsverk i prøvetida på to år. Kvinna må også betale ei bot til det offentlege på 50 000 kroner.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.