Hopp til innhold

Dømd for promillekøyring

Ein mann i 60-åra er dømd til 18 dagar i fengsel, med ei prøvetid på to år, etter å ha køyrt med promille. Mannen frå Sunnfjord hadde 1,0 i promille, og må også gjennomføre eit program mot rusa køyring. Han må også betale 27 000 kroner i bot og mistar førarkortet i eit år og ti månadar.