NRK Meny

Dømd for promillekøyring

Ein utanlandsk statsborgar i 30-åra er i Fjordane tingrett dømd til fengsel i 21 dagar. Politiet stogga mannen på Nordfjordeid natt til 1. mai i år, etter vinglete køyring. Han var også nær ved å køyre i grøfta. Påtalemakta la ned påstand om bot på 43.000 kroner, men ut frå mannen sin økonomiske situasjon reduserte retten bota til 10.000 kroner. Mannen må også klare seg to år utan førarkort.

Vegopning på Bergum i Førde kommune