Hopp til innhold

Dømd for promille

Ein sogning i 60-åra må betale 60 000 kroner i bot for promillekøyring. Mannen vart stogga i Sogndal i oktober i fjor, med ein promille på 0,56. Fengselsstraffa på 14 dagar blir utsett med prøvetid på to år. Han må også klare seg utan førarkort i 12 månader.