Hopp til innhold

Dømd for NAV-svindel

Ein nordfjording i 50-åra er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til fengsel i 18 dagar. I knappe tre månader melde mannen frå til NAV om at han ikkje var i arbeid, sjølv om han var i full jobb. Slik fekk mannen ut over 70.000 kroner i dagpengar som han ikkje hadde krav på. Mannen slepp å sone straffa så lenge held seg på rette side av lova neste to åra.