Hopp til innhold

Dømd for narko

Ein sunnfjording i 20-åra er dømd til fengsel i 60 dagar på vilkår for fleire tilfelle av bruk og oppbevaring av narkotika. Dommen omfattar også innbrot, tjuveri av ein startpistol og at han ein dag i fjor gjekk rundt med ein slåsthanske på offentleg stad. Sunnfjordingen tilstod alt då han møtte i retten.