Hopp til innhold

Dømd for mannevaldtekt - igjen

Ein mann i 50-åra frå Sunnfjord er i Fjordane tingrett dømd til fengsel i tre år og tre månadar for valdtekt av ein mann.

Det er andre gong mannen blir dømd for valdtekt av ein yngre mann. I 2006 vart han dømd til ni månader fengsel for sovevaldtekt mot ein mann i 20-åra .

Det siste overgrepet fann stad i den dømde sin eigen bustad i februar i fjor.

Mannen i 50-åra vedgjekk at det var seksuell kontakt mellom partane, men han hevda overfor retten at dette var av frivillig karakter.

Retten festa derimot lit til den fornærma si forklaring om at han ikkje gav samtykke til den seksuelle omgangen. Retten meiner vedkommande var så rusa at han var ute av stand til å motsette seg handlinga.

I tillegg til dommen på fengsel utan vilkår i tre år og tre månader, må mannen betale 150.000 kroner i erstatning til den fornærma i saka.

Mannen stod også tiltalt for å ha 37 bilete av seksualiserte born, men vart frifunnen for det.