Hopp til innhold

Gjorde innbrot i 2009 - teken av DNA-treff fem år etter

Ein 58 år gammal mann frå Sunnfjord er i Fjordane tingrett dømd for eit innbrot han gjorde i 2009. Saka vart løyst av at politiet fekk DNA-treff på han fem år seinare.

Fjordane tingrett 11
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det var i august i 2009 at mannen braut seg inn i ei leilegheit i Florø ved å knuse ei rute. Her stal mannen 8.800 kroner, to gullkjede, diverse alkohol og matvarer.

I leilegheita fann politiet blodspor fleire stadar, mellom anna på den knuste ruta og i vindaugskarmen. Mannen skal ha forlate leilegheita gjennom ei dør som han hadde opna frå innsida.

Blod frå åstaden vart sendt inn til DNA-analyse, noko som synte at blodet stamma frå same person. Men DNA-profilen fanst ikkje i Kripos sine register frå før.

Vart registrert i identitetsregisteret

I mai 2014 vart mannen straffa for å ha brote legemiddellova, og i samband med dette vart det bestemt at DNA-profilen hans skulle registrerast i identitetsregisteret.

Kripos orienterte i juli 2014 politiet i Sogn og Fjordane om at det var treff mellom den registrerte DNA-profilen og den DNA-profilen som var registrert etter tjuveriet i Florø.

Då saka kom opp i Fjordane tingrett i september 2014 kunne ikkje mannen hugse å ha vore inne i den aktuelle leilegheita. Men på bakgrunn av DNA-analysane fann retten det prova at det var mannen som hadde gjort seg skuldig i det grove tjuveriet.

Mannen er tidlegare straffedømd for ei rekkje saker, i hovudsak vinningskriminalitet og brot på narkotikalovgivinga.

Tok fem år før tiltale vart teke ut

Retten peika på at innbrot i privatbustadar er alvorleg og samfunnsskadeleg kriminalitet, og allmennpreventive omsyn tilseier at det må reagerast strengt mot slik kriminalitet.

Men retten fann fleire formildande omstende i saka, som vart attspegla i straffa mannen vart dømd til.

Mellom anna har det gått fem år etter hendinga før tiltale vart teke ut. Slik retten forstår det, har det ikkje vore noko form for aktiv etterforsking i perioden frå DNA-profilen frå åstaden vart registrert i sporregisteret ved årsskiftet 2009/2010 til ein om lag fire år seinare registrerte mannens DNA i identitetsregisteret.

Retten fann at den lange behandlingstida måtte tilleggjast monaleg vekt i formildande retning.

Har slutta med alkohol

I tillegg har mannens livssituasjon endra seg. Der han før hadde ein kvardag prega av store mengder alkohol, har han no slutta med dette, går på antabus og får jamleg oppfølging frå rusmiddelkonsulent og tiltakstenesta der han bur.

Som følgje av dette har også den kriminelle aktiviteten vorte redusert, både når det gjeld alvorsgrad og frekvens.

Mannen vart difor dømd til 60 dagar fengsel for innbrotet, der fullbyrdinga av straffa vert utsett med ei prøvetid på to år. Han vart heller ikkje dømd til å betale sakskostnadar.