Dømd for grov vald mot gravid sambuar

Sunnfjordingen i 20-åra utsette ekssambuaren sin jamleg for vald. Også medan ho var gravid og med deira felles barn som vitne. No er han dømd til tre år og ni månader i fengsel.

Fjordane tingrett 12

ILLUSTRASJON: Sunnfjordingen i 20-åra måtte svare for ein svært alvorleg valdstiltale i Fjordane tingrett.

Foto: Arne Stubhaug / NRK
Oddleif Løseth
Journalist

Med unntak av nokre valdsepisodar mot personar i ekskjærasten sin omgangskrets, nekta mannen straffeskuld i den grove valdssaka mot han.

Kvinna fortalde derimot om ei rekkje valdsepisodar og truslar både mot henne og barnet deira .

Barn var vitne

I forklaringa si fortalde kvinna om ein snill, god og romantisk mann, som fullstendig endra karakter etter at ho vart gravid. For lukka dører skildra ho då ein ustabil og uføreseieleg mann. Mannen er fleire gonger før dømd for vald.

Kvinna fortalde om skubbing, lugging, skalling mot hovudet, kveling og slag og spark mot ulike kroppsdelar. Ho fortalde og om nedsettande kommentarar, og truslar mot både henne og barnet. Og valdshandlingar med barnet deira som vitne.

– Dette er omsorgssvikt i høve til barnet, og har vore ein ytterlegare belastning for mora, skriv tingrettsdommar Walter Høivik.

298 dagar i varetekt

Mannen meinte skuldingane mot han var grunnlause, og at dei var løgner som følgje av ei barnesak som var i emning. Fjordane tingrett fann ikkje å feste lit til denne forklaringa.

Derimot opplevde dei kvinna som truverdig.

Aktor bad om fengsel i fire år og seks månader. Fjordane tingrett dømde mannen til tre år og ni månader fengsel. 298 dagar i varetekt kjem til frådrag i straffa. Seks månader er utsett med prøvetid på tre år.

Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå den dømde sin forsvarar.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.