Hopp til innhold

Dømd for fleire økonomiske lovbrot

Ein mann i 40-åra er dømd til fengsel på vilkår etter fleire økonomiske lovbrot.

Fjordane tingrett 12
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Han var tiltalt for brot på bokføringslova, meirverdiavgifstlova og likningslova. I 2009 og 2010 førte han ikkje rekneskap for verksemda som hadde ein omsetnad på over 1,7 millionar kroner. Han unndrog meirverdiavgift på over 300.000 kroner og leverte heller ikkje sjølvmelding for desse to åra.

Det har teke lang tid frå lovbrota skjedde til saka kom opp for retten, utan at den tiltalte kan klandrast for dette, skriv retten. Mannen er tidlegare dømd for liknande forhold, men dette ligg så langt tilbake i tid at retten ikkje har lagt vekt på det.

Den tiltalte sunnfjordingen tilstod utan atterhald, og Fjordane tingrett dømde mannen til fem månader i fengsel på vilkår.