Hopp til innhold

Dømd for fjerde gong

Ein sogning i 30-åra må betale 5.000 kroner i bot for narkotikalovbrot. Mannen kjøpte i 2014 ti gram marihuana og bestilte året etter nær fem gram amfetamin. Kjøpet vart aldri fullført då mannen fekk mistanke om at politiet kjende til overleveringa. I tillegg til bota er mannen dømd til 18 dagar fengsel, som blir utsett med prøvetid på to år. Det er fjerde gong at mannen blir dømd for narkotikalova.