- Den alvorlegaste delen av tiltalen mot mannen gjaldt vald mot den tidligare sambuaren hans. Valden ber preg av mishandling fordi det har skjedd gjentekne gonger, seier politiadvokat Terje Gjertsen.
Grove krenkingar
Over ein periode på to år skal mannen jamleg ha mishandla den tidligare sambuaren sin. I dommen skriv retten at det her er snakk om ei rekke grove krenkingar over tid, og at alle valdsepisodane ber preg å vere utslag av rein mishandling. Retten meiner og finne det bevist at alle valdsepisodane har funne stad uprovosert.
Måtte leve i frykt
43-åringen har også etter at sambuarforholdet var over helde fram med truslar, mellom anna kom han i januar og februar i fjor med fleire truslar om at han skulle kome med to bodyguardar i 100-kilosklassen slik at den tidligare sambuaren berre kunne passe seg.
- Den fornærma måtte leve med trugsmål og frykt for kva tid neste overgrep ville skje, seier han
Jobba, men heva trygd
Den 43 år gamle sogningen er også dømd for grovt bedrageri ved at han samstundes som han har vore i arbeid har motteke i trygd. No må han betale fylkestrygdekontoret tilbake nærare 200.000 kroner. I tilegg meiner retten at mannen må betale den tidligare sambuaren 60.000 kroner i erstatning og sone 14 månader i fengsel.
- Påtalemakta er nøgd med denne dommen. Vi meiner at dette viser at domstol og rettspraksis følgjer opp det som Høgsterett har sagt, nemleg at straffenivået skal opp, seier han.