NRK Meny
Normal

Dømd for drapstruslar mot politiadvokat

Ein sunnfjording i 20-åra er dømd til fengsel i 120 dagar for drapstruslar mot ein politiadvokat.

Sogn tingrett

DØMD: Den kvinnelege politiadvokaten vart engsteleg etter truslane som vart sett fram.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Eg skal drepe ho når eg kjem ut, utbasunerte den varetektsfengsla sunnfjordingen då fengselsbetjenten forkynte tiltalen for oppbevaring og bruk av dopingmiddel i fengselet.

Dette meinte påtalemakta var trussel, eigna til å «framkalle alvorleg frykt» hos ein kvinneleg politiadvokat.

Vart engsteleg

Det var den kvinnelege politiadvokaten som hadde teke ut tiltalen. Ho var også aktor i ei alvorleg vald- og trusselsak som skulle opp for domstolen, og vart engsteleg då ho fekk høyre om trusselen.

Det var i samband med denne saka at mannen sat fengsla då fengselsbetjentane fann vel 1000 milligram dopingmiddel i cella hans på nyttårsaftan 2014. Tablettane var gøymde i ein dorullhaldar.

Det var denne tiltalen som vart forkynt då mannen kom med trusselen.

Erkjende uttale

Mannen erkjende å ha komme med uttalen, men nekta likevel straffskuld for trussel. Uttalen hevda han kom i affekt. Han trudde heller aldri at uttalen ville nå fram til politiadvokaten.

Sogn tingrett sa seg samd i at mykje tala for at uttalen kom som ei impulshandling som det ikkje er grunn til å ta alvorleg.

– Men retten legg større vekt på at den er sett fram av ein person som er domfelt fleire gonger for (kroppsskade), og som er tiltalt i ei pågåande straffesak der målet for trugsmålet er aktor i saka, skriv sorenskrivar Harald Hjermann.

Spor i urinen

Mannen nekta kjennskap til tablettane som vart funnen i cella han hadde disponert siste månaden. Han hevda tablettane måtte ha vore gløymt att eller plassert der av andre.

I ei urinprøve veka etter vart det funne spor av eit anna dopingmiddel.

Mannen erkjende å ha tatt ein tablett, og hevda han gjorde dette fordi fengselet lova å ikkje reise straffesak. Retten meinte det tvert i mot vart opplyst at det ville bli oppretta straffesak.

Kravde seks månader

Dorullhaldaren var ikkje vart undersøkt før tiltalte flytta inn, men retten konkluderte med at dopingmiddelet var hans og at det var sunnfjordingen som hadde gøymt det.

Retten viser mellom anna til at mannen tidlegare har lang erfaring som brukar av dopingmiddel, at det vart funne spor av dopingmiddel i urinen hans og at det vart funne dopingmiddel på cella hans.

Påtalemakta la ned påstand om fengsel i seks månader i saka. Sogn tingrett landa på fengsel i 120 dagar.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast