Trua med å setje fyr på huset, så følgde kvinna opp med skadeverk

«Dra til helvette eg finne dokke en dag, håpa de blir masse blod en gang...og ikke minst eg veit kor dokke bor.»

Sogn og Fjordane tingrett

TINGRETT: For andre gang på vel eitt år måtte kvinna møte for domstolen for å svare for alvorlege truslar mot personar som ville hjelpe henne.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Slik lydde meldinga som sunnfjordkvinna i mai i fjor sende ein i hjelpeapparatet rundt seg.

No er kvinna i 20-åra dømd for både denne trusselen, og fleire andre forhold.

Skrur vi tida ytterlegare tre veker tilbake i tid, til byrjinga av mai i fjor, vart kvinna dømd til fengsel i 45 dagar i fengsel i lagmannsretten. 30 dagar av fengselsstraffa vart utsett med prøvetid på to år.

Også då vart kvinna dømd for truslar mot personar i hjelpeapparatet, samt vald og truslar mot både ambulansepersonell og politibetjentar.

– I straffeskjerpande retning blir det vist til at sikta nyleg er straffa for tilsvarande kriminalitet, utan at dette har fått henne til å avstå frå å gjere seg skuldig nye straffbare forhold, skriv tingretten om forholda kvinna nyleg vart dømd for.

Kvinna retta også truslar mot den same fornærma gjennom ei tekstmelding til fastlegen sin. I tillegg til å be legen om å skrive resept på hasj, trua ho med å knuse ansiktet til personen i hjelpeapparatet.

Ved fleire høve skal ho også ha trua med å setje fyr på huset eller garasjen til vedkomande. Like før jul følgde kvinna opp truslane med å kaste stein på vindauga på huset til personen, slik at desse knuste.

– Truslane må (...) sjåast som alvorlege, då dei inneheld truslar om vald og eldspåsetjing. Det forhold at truslane seinare vart følgde opp med skadeverk mot (...) bustad, er skjerpande, skriv tingretten.

At kvinna også ringde Bergen fengsel og varsla at ei bombe ville gå av utanfor fengselet, såg retten mindre alvorleg på.

Kvinna tilstod forholda og saka gjekk for Sogn og Fjordane tingrett som tilståingssak. Her erkjende ho også straffskuld for å ha brukt narkotika, og for å ha oppbevart 30 narkotiske tablettar og ei mindre mengd hasj.

Sidan lovbrota skjedde i prøvetida for førre dom, fekk kvinna ein felles dom for både dei nye forholda og den vilkårsbunde delen av domen i lagmannsretten.

Retten la også vekt på at kvinna har utfordringar, som ho no får behandling for. Ho er inne i ei god utvikling, og retten meiner fengselsstraff vil vere uheldig for rehabiliteringa.

Difor vart heile straffa på fengsel i 120 dagar utsett med prøvetid på to år. Kravet for utsetjinga er at kvinne held fram med behandlinga.