Hopp til innhold

Brukte forfalska reseptar - slepp å sone

Fjordane tingrett har dømt ei kvinne i 50-åra til fengsel på vilkår i 30 dagar for å ha brukt forfalska reseptar for å få ut legemiddel.

Fjordane tingrett

TINGRETTEN I TVIL: Fjordane tingrett kom til slutt til at det var rett med vilkårsdom.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Ved to tilfelle - i januar og februar i 2013 - prøvde ho å få ut tablettar på to ulike apotek. I begge tilfella vart forfalskingane avslørte av apotekpersonalet.

Dei to medikamenta ho prøvde å få ut står ikkje på narkotikalista, men er reseptpliktige.

I dommen står det at tingretten har vore i tvil om straffeutmålinga, men har kome til at det er rett med ein vilkårsdom. I skjerpande retning tel det at kvinna tidlegare er dømd for brot på narkotikalovgjevinga, og at dei to nye lovbrota skjedde i prøvetida for tidlegare dommar.

Nesten eitt år utan at noko skjedde

I formildande retning tel det at påtalemakta har brukt lang tid på saka. Retten viser til at saka har lege utan at noko skjedde, frå juni 2013 til mai 2014.

Retten legg og vekt på at kvinna i dag fungerer godt i kvardagen, og at eit fengselsopphald ville ha vore uheldig for utviklinga hennar.