Hopp til innhold

Tende på hytte der sju personar sov – no er ein mann dømd etter mordbrannparagrafen

Ein mann i 30-åra er dømd til fengsel for å ha sett fyr på ei hytte der sju personar låg og sov. Ein annan mann er frifunnen for eldspåsetjinga.

Fjordane tingrett

DØMD: Ein mann er dømd til fengsel etter mordbrannparagrafen for å ha sett fyr på ei hytte der sju personar sov.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det var i juni 2012 at det byrja å brenne i ei campinghytte ved Stryn Camping. To menn blei tiltalte for å ha sett fyr på papir som blei lagt i ein brukt eingongsgrill. Det byrja å brenne i hytta og det blei stor røykutvikling.

Til alt hell vakna ein av personane i hytta av brannalarmen. Ho vekka dei andre og alle kom seg uskadde ut.

Alle var i livsfare

Ifølgje tiltalen kunne dei sju personane som låg og sov inne i hytta, omkomme dersom ikkje brannen hadde vorte oppdaga i tide. Eit brannsakkunnig vitne forklarte i retten at giftig røyk samla seg oppunder taket og at særleg dei som sov på hemsen var i fare. Men det sakkunnige vitne seier at alle dei sju i hytta var i livsfare og vurderte faregraden til ni på ein skala frå 1–10 der ti er mest alvorleg.

Var ein konflikt

Tidlegare på kvelden skal det ha oppstått ein konflikt mellom ein av dei som var i hytta og ein av dei tiltalte. Den rusa mannen skal ha nekta å forlate hytta der det byrja å brenne.

Dei to tiltalte seg ikkje skuldig då dei møtte i Fjordane tingrett tidlegare i mai.

Tilstod i avhøyr hos politiet

Mannen som no er dømt, skal i avhøyr med politiet erkjent straffskuld for å ha lagt papir i ein brukt eingongsgrill og plassert den ved eine veggen på hytta. Han skal ha forklart at han gjorde dette det skulle bli røykutvikling og at dei som var i hytta skulle vakne av røykvarslaren.

I retten forklarte mannen at han blei utsett for press i avhøyret, men dette festa ikkje retten lit til. Heile avhøyret blei spelt av i rettssalen.

Må sone i fengsel

I formidlande retning har retten lagt vekt på at det var ei impulshandling og at mannen ikkje ønska å skade eller ta livet av nokon. Dei legg også vekt på at det har teke lang tid før saka kom opp. I skjerpande retning er det lagt vekt på at det berre er tilfeldigheiter som gjorde til at liv ikkje gjekk tapt.

Fjordane tingrett dømde difor mannen til fengsel i 2,5 år, der 1,5 år er med vilkår. Han må betale 16.000 kroner i erstatning til Stryn Camping og betale 3000 kroner i sakskostnader.

Når det gjeld den andre mannen som også er i 30-åra, delte retten seg. Dei to meddommarane meinte det ikkje var tilstrekkeleg bevis for at han medverka til brannstiftinga eller skadeverket. Han blei difor frifunnen av retten.