Hopp til innhold

Frikjent for graving i 2000 år gamalt kulturminne

Bedriftseigar Bjarne Hole på Byrkjelo er av Gulating lagmannsrett frikjent for skuldingane om at han delvis hadde øydelagt kulturminne då han grov i området rundt bedrifta si.

Bjarne Henry Hole

FRIFUNNEN: Bjarne Hole anka dommen på 45 dagars fengsel på vilkår som han fekk i Fjordane tingrett i fjor. Lagmannsretten har no frifunne han.

Foto: Svein Heggheim, Firda

Då saka var oppe i Fjordane tingrett i fjor vår vart Hole dømd til fengsel på vilkår og ei bot på 40.000 kroner etter gravinga han gjorde i eit automatisk freda kulturminne på eigedommen sin.

Hole anka dommen til lagmannsretten, der han no altså er frikjent av ein samrøystes lagmannsrett.

Politiet hevda Hole hadde grave ei fleire meiner brei sjakt inn i ein freda busetnad frå eldre romartid. Lagmannsretten på si side meiner det ikkje kan dokumenterast at Hole har grave i eit freda område.

Dømd i tingretten

I løpet av to månader våren 2015 skal Bjarne Hole ifølgje tiltalen ha grave ei fleire meter brei sjakt inn i det politiet meiner er eit automatisk freda kulturminne på eigedommen hans. Då saka var oppe i Fjordane tingrett måtte Hole svare for skuldingar om at gravinga hadde ført til at kulturminnet delvis vart øydelagt.

I Fjordane tingrett la aktor ned påstand om 60 dagar fengsel for Hole, medan forsvararen hans, Edmund Arnold Bolstad, bad om full frifinning.

Under rettssaka i tingretten i vår var Hole klar på at gravinga i mai og juni 2015 var noko han måtte gjere for å unngå at det seig inn vatn i verkstadbygningen. Eg har mine verdiar å ta vare på, sa han og la til at han ikkje grov for å provosere.

Tingretten dømde Hole til 45 dagar fengsel med ei prøvetid på to år, og ei bot på 40.000 kroner.

Ein knapp månad seinare anka Hole saka, og lagmannsretten behandla saka tidlegare denne månaden. I dommen som no ligg føre har lagmannsretten kome fram til at Hole må frifinnast.

Meiner ikkje gravinga var til skade

Lagmannsretten meiner mellom anna at politiet ikkje har klart å leggje fram kart eller annan dokumentasjon som kan bevise at det er ei formell sikringssone rundt det freda kulturminnet på eigedommen til Hole.

Dei meiner vidare at gravinga inntil veggen på verkstadbygningen hans ikkje utgjorde skade på kulturminnet.

Lagmannsretten har vore på synfaring på eigedommen på Byrkjelo, og avgjerda deira er samrøystes.

NRK har vore i kontakt med Bjarne Hole. Han ønskjer ikkje å kommentere dommen på noverande tidspunkt.