Hopp til innhold

Dømd for 29 lovbrot: Juksa med rekneskap og gjorde underslag

Mannen dokumenterte ikkje drifta av selskapet, han underslo og juksa med fakta. Han får ikkje drive næringsverksemd dei tre kommande åra.

Fjordane tingrett

LITE TRUVERDIG: Mannen som møtte i Fjordane tingrett vart ikkje trudd, og vart dømd for 29 lovbrot.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Ein mann i 50-åra er i Fjordane tingrett dømd for fleire brot på lova – blant anna rekneskapslova, bokføringslova, likningslova og straffelova. Dette vart mellom anna avslørt etter ransaking og beslag på kontoret og heime hos mannen.

Det var medan mannen var dagleg leiar og styreleiar i eit selskap i Sogn og Fjordane at mannen ikkje leverte rekneskap, årsrekneskap og årsberetning frå 2007 – 2010. Dette vedgjekk mannen i retten.

Juksa og underslo

I tillegg betalte han heller ikkje arbeidsgjevaravgift, og underslo på den måten vel 110.000 kroner.

Mannen er også dømd for å ha betalt ut løn utan å levere løns- og trekkoppgåve for alle åra. Han vert også dømd for ha tatt ut løn sjølv utan å levere dei nødvendige papira på det.

Han har heller ikkje betalt skatt av lønn han tok ut av selskapet, og gitt feil opplysningar til Skatteetaten. Retten fann det bevist at dette var noko mannen hadde gjort med overlegg. Han har også gitt falske opplysningar til skatteetaten om kor vidt det var drift i selskapet han var styreleiar for. Totalt skal det vere snakk om unndraging av 373.000 kroner.

I retten vedgjekk også mannen at han hadde vore aktlaus fordi han ikkje leverte sjølvmelding med vedlegg for selskapet over fleire år. I tillegg har ikkje mannen sytt for at det vart gjennomført forskotstrekk i lønsutbetalingar.

Svindla frå cella

Dessutan er mannen dømd for å ha motteke vel 66.000 kroner frå NAV etter at han melde seg arbeidslaus. Samstundes henta han ut ei årsinntekt frå selskapet han dreiv og var styreleiar for på vel 1,3 millionar kroner. Dette gjorde han medan han sat fengsla i Vik for eit anna brot på rekneskapslova.

I tillegg vart mannen dømd for underslag ettersom han ikkje betalte tilbake ein leigesum for ein båt.

Mannen er også frådømt retten til å drive næringsverksemd i tre år og må også betale sakskostnader på 10.000 kroner.