Hopp til innhold

Dømd etter ulukke der passasjer miste livet

Ei kvinne i 60-åra frå Nordfjord er dømd til 21 dagar fengsel på vilkår etter ei utforkøyring der ei anna kvinne miste livet.

Sogn og Fjordane tingrett

FEKK DOMMEN: Kvinna møtte denne veka i Sogn og Fjordane tingrett.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ulukka skjedde på fylkesveg 60 i Nordfjord i fjor sommar. Den no dømde kvinna var førar av bilen, medan ei kvinne i 80-åra var passasjer.

I ein høgresving gjekk bilen rett fram, ut av vegen og inn i ein stein på venstre side av vegen. Passasjeren vart kritisk skadd, og døydde ti dagar seinare av skadane.

Sjølv har kvinna forklart at ho køyrde ein bil som var ukjent for ho, og at ho trur utforkøyringa kan ha skjedd i samband med at ho gira.

Saka gjekk denne veka for Sogn og Fjordane tingrett som såkalla tilståingssak.

Retten meiner det er bevist utover rimeleg tvil at kvinna har handla aktlaust. Samtidig er retten samde med både påtalemakta og forsvarer om at kvinna i denne saka ikkje har vore grovt aktlaus. Det blir vist til at det er snakk om kortvarig aktløyse ved at sikta har hatt manglande konsentrasjon og merksemd på vegen.

Sogn og Fjordane tingrett finn det difor riktig å gje kvinna ei fengselsstraff på vilkår, med ei prøvetid på to år. I tillegg må ho vere utan førarkort i ni månader.