NRK Meny
Normal

Dømd etter promillekollisjon

Ein 19 år gammal mann frå Sunnfjord er dømd til 30 dagar i fengsel på vilkår for å ha køyrt med 1,37 i promille.

Mannen køyrde òg utan førarkort, i tillegg til at han mista kontrollen over bilen, og kolliderte med ein annan bil.

19-åringen må òg betale ei bot på 15.000 kroner. Han får heller ikkje ta førarkort i løpet av dei tre næraste åra.