Det var ikkje dei store og grove brotsverka mannen vart dømd for i Fjordane tingrett. Tjuveri av ein ryggsekk og gullvarer til ein verdi av 8.000 kroner i tillegg til heleri av mellom anna eit par støvlar, resulterte i ein dom på seks månaders fengsel - av dette halvparten på vilkår.
Aktor hadde sett fram påstand om ni månader i fengsel - i så fall ei svært streng straff for desse lovbrota. Årsaka til den strenge påstanden var at det så langt frå var første gongen mannen forgreip seg på annan manns eigedom.
Flyttar nærare fengselet
Med denne dommen i Fjordane tingrett er mannen oppe i 40 dommar. Sidan 1977 har han berre i eitt år samanhengande vore ute av fengsel. Fleire av fengselsopphalda har vore i Vik. Og der likar han seg så godt at han no vurderer å flytta dit.
Så blir det ikkje langt å reise om det skulle bli ein dom nr 41.