Hopp til innhold

Stor spenning før påske-dom i Terra-rettssaker

280 millionar kroner står på spel for Bremanger, Vik og dei andre Terra-kommunane når sluttavgjerda i to rettssaker er venta om få veker.

Har viska vekk Terra-underskot

TERRA-DOMMAR KAN KOMA FØR PÅSKE: – Me er nøkterne optimistar, seier rådmann Tom Joensen i Bremanger.

Foto: Montasje: Oddleif Løset/Scanpi / NRK

– Det er antyda dom i rettssaka mot ACE (forsikringsselskapet til Terra Securities) før påske. I den andre saka mot Danske bank kan høgsterettsdommen koma om tre veker, seier rådmann Tom Joensen i Bremanger.

Bremanger, Vik og dei andre Terra-kommunane ventar i spenning på rettsavgjerdene, som kan gjera tapa etter dei ulykksalige investeringane i verdipapir på 2000-talet litt mindre smertefulle.

– I ACE-saka har me ein positiv dom frå tingretten, som me håpar me iallfall skal oppnå, seier rådmann Oddbjørn Ese i Vik.

ACE-rettssaka

I ACE-rettssaka blei forsikringsselskapet i 2014 dømd til å betala Terra-kommunane 75 millionar kroner i erstatning, inkludert renter. Både forsikringsselskapet og kommunane anka, og i januar møttest partane på nytt i lagmannsretten.

– Legg me tingrettsdommen til grunn, kan det dreia seg om knappe 10 millionar kroner for Vik, så dette betyr mykje, seier Ese.

Oddbjørn Ese

HISTORISK DAG: Rådmann Oddbjørn i Vik kunngjorde forliket mellom Terra-kommunane og Den norske bank for dei kommunetilsette 5. juni 2015.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Striden med ACE handlar om forsikringar for to ulike år, til ein samla verdi på cirka 160 millionar kroner. Tingrettsdommen slo fast at Terra-kommunane skulle få erstatning for den eine forsikringa, men ikkje den andre.

Skulle Terra-kommunane få fullt medhald, kan Bremanger sitja att med oppunder 30 millionar kroner.

– Det vil endra kvardagen vår vesentleg, men det blir ikkje snakk om noko frislepp. Ein kommune har alltid press på økonomien, seier Joensen.

Danske bank-rettssaka

For Bremanger står endå meir pengar på spel denne våren: Kommunen har nettopp avslutta ei rettssak mot Danske bank i Høgsterett (16. til 18. februar).

Tvisten handlar om såkalla derivatavtalar og er ei av forgreiningane etter Terra-saka, der Vik, Bremanger og fleire andre kommunar investerte i høgrisikable fondsprodukt med lån som hadde tryggleik i framtidige kraftinntekter.

I tingretten og lagmannsretten fekk Bremanger medhald, men Danske bank anka, og saka kverna seg difor opp til den øvste rettsinstansen. Vinn Bremanger fram i høgsterettsdommen, vil det bety mellom 110 og 120 millionar kroner mindre i gjeld.

– Det er vanskeleg å spå utfallet, men advokatane våre har gjort eit flott arbeid i desse sakene. Dessutan har me fleire positive dommar bak oss i underliggjande rettsinstansar, så me er nøkterne optimistar, seier Joensen, som var til stades under rettsforhandlingane i Høgsterett.

Lettelsen er stor i Vik, Bremanger og dei andre såkalla Terra-kommunane i dag, etter at dei har inngått forlik med DnB.

LETTA I VIK: Terra-kommunane gjekk i fjor inn eit forlik med Den norske bank, som hadde lånt Vik, Bremanger og dei andre kommunane pengar til høgrisikable verdipapirinvesteringar med garanti i framtidige kraftinntekter. Fjernsynsreportasje: 5. juni 2015

Viktig for resten av Terra-oppgjeret

Dommane i dei to rettssakene blir òg viktige for dei andre attståande oppgjera i Terra-saka:

  • Terra-kommunane har framleis ein uløyst tvist med Terra Securities sitt andre forsikringsselskap AIG, som hadde styreansvarsforsikringa.
  • Terra-kommunane har store krav i konkursbuet etter Terra Securities. Bustyrar Jon E. Skjørshammer har tidlegare sagt at han ikkje vil vurdera krava før det ligg føre rettskraftige avgjerder i dei pågåande erstatningssakene.

– Sannsynlegvis vil dommane leggja premissane for desse sakene som framleis ikkje er avklarte, så det er framleis mykje økonomi som me ventar spent på, seier Ese.