NRK Meny
Normal

Gloppar med doktorgrad i samfunnsengasjement og Facebook

Frivillige organisasjonar som var tidleg ute med å ta i bruk internett har fleire medlemmer enn andre. Det viser doktorgradsavhandlinga til Ivar Sognnæs Eimhjellen.

Laptop med sosiale medier

FORSKAR PÅ FACEBOOK: Organisasjonar som tok i bruk internett og sosiale medium tidleg, blir meir sentraliserte, viser doktorgradsavhandling.

Foto: ERIC THAYER / Reuters

– Det var kjekt å disputere. Det gjekk betre enn venta. Men det var skummelt å presentere noko som du har jobba med åleine i tre år, og forsvare det framfor vener og familie. Det seier Ivar Sognnæs Eimhjellen frå Sandane.

I førre veke disputerte han med doktorgradsavhandlinga "Frå Face-to-face til Facebook". Han har dei siste tre år blant anna forska på kor flinke lokale frivillige organisasjonar er til å bruke Facebook. Han har også sett på korleis folk brukar Facebook til politisk og sosialt engasjement.

Ivar Soggnæs Eimhjellen

SAMFUNNSENGASJEMENT: Ivar Sognnæs Eimhjellen har skrive doktorgrad om 'Frå Face-to-face til Facebook'.

Foto: Eikeseth Nygjerd Fotografi

– På det lokale organisasjonsnivået i Norge er det ikkje sosiale medium som er viktigast når det gjeld å ta i bruk i dei eksisterande organisasjonane. Då er det vanlege nettsider som gjeld.

Tidlege internettbrukarar har fleire medlemmer

– Der dei var ivrigast på å bruke sosiale medium og tok i bruk internett tidleg, ser vi ein samanheng med fleire medlemmer og fleire ansikt- til ansikt-aktivitetar. Vi ser også at det er ein samanheng mellom tidleg internettbruk og sentralisering av organisasjonar. Det er fleire styremøte og færre medlemsmøte.

For den demokratiske utviklinga i organisasjonen er ikkje sentraliseringa nødvendigvis eit gode, seier Sognnæs Eimhjellen.

– Ei sentralisering vil føre til at det kan bli ein mindre demokratisk organisasjon, medlemmene bestemmer mindre, og meir blir opp til styret å bestemme.

I doktorgraden har han blant anna brukt spørjeskjema som grunnlag, i tillegg til at han har gått inn i tre ulike organisasjonar og sett grundigare på dei. Samstundes har han sett på innhaldet på nettsidene deira. Han har funne fleire samanfallande trekk i organisasjonane.

– Det er opp til organisasjonane sjølve å forme bruken og teknologien slik dei vil ha det. Men det er ikkje nødvendig at alle skal gjere det same, at alle skal gjere alt. Men her er det store potensial.

Ikkje enkelt med ny teknologi

– Det er ikkje like enkelt nødvendigvis å ta i bruk nye kommunikasjonsmiddel. Det vil innebere at organisasjonen må gjere endringar i organisasjonsstrukturen. Det er mange som synest dette er skummelt, spesielt i eldre organisasjonar. Då kan det vere vanskeleg å ta i bruk nye former for kommunikasjon og mobilisering av engasjement.

Tidleg på 90-talet vart det spådd at den nye digitale teknologien ville bevege oss frå å samhandle og kommunisere ansikt til ansikt til at vi heller kommuniserer gjennom data og digitale medium.

– På eitt vis har spådommen slått til, men det har på ingen måte erstatta det vi gjer. Teknologien er ein supplerande kanal for kommunikasjon og organisering av kollektiv handling.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.