NRK Meny
Normal

Dødsulukke i Vik

Ein mann i 70-åra frå Vik omkom etter eit uhell med det som truleg var ein vinkelslipar tysdag kveld. Ulukka skjedde heime på garden der mannen budde.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 21. Ambulansepersonell var på staden allereie fire minutt etter at dei fekk melding om uhellet.

Blødde kraftig

- Medan han arbeidde fekk han det som truleg var ein vinkelslipar i foten, seier operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt, Marita Biesmans.

Ho opplyser at mannen blødde kraftig, og at personell frå ambulanse prøvde gjenoppliving i over ein halv time. Likevel stod livet ikkje til å redde.

Fekk varsla folk

Lensmann i Vik, Agnar Dregelid, opplyser at mannen sjølv klarte å varsle folk om hjelp.

- Mannen jobba i ein verkstad då ulukka skjedde. Personen var åleine i verkstaden, men klarte likevel å varsle folk som var i nærområdet. No blir saka etterforska, og Arbeidstilsynet er også varsla, seier Dregelid.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast