Hopp til innhold

Dødsulukke i Lotetunnelen

Ein 68 år gammal motorsyklist omkom då han kolliderte med eit vogntog i Lotetunnelen på E39 tysdag ettermiddag.

MC-ulukke i Lotetunnelen.
Foto: Øystein Torheim.

Motorsyklisten kollidert med vogntoget i ein sving 50 meter inne i Lotetunnelen på Lote-sida.

Ifølgje politiet var det føraren av motorsykkelen som omkom. Den 64 år gamle kona til mannen var passasjer. Ho vart send til Førde senstralsjukehus med luftambulanse. Ho vart operert tysdag kveld. Tilstanden er alvorleg, men stabil, opplyser sjukehuset.

Låg bak personbil

Føraren av vogntoget kom ikkje fysisk til skade i ulukka, som politiet fekk melding om  klokka 15.45.

- Motorsyklisten låg bak ein personbil då han kom borti vogntoget som kom køyrande i motgåande køyrebane. Motorsykkelen hamna til slutt under personbilen, fortel operasjonsleiar Per Rimmen i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Vegen stengd i to timar

Lang kø på grunn av ulukke i Lotetunnelen på E39.
Foto: MMS-foto: Kim Tore Gilleshammer

Han kan førebels ikkje seie noko om grunnen til at motorsykkelen trefte vogntoget.

E39 var stengd i kring to timar etter ulukka, og det vart raskt lange køar på begge sider av Lotetunnelen.