Dødsfall på Sande

Ein mann er funnen død på Sande i Sunnfjord, skriv Firda. Pårørande melde frå til kommunen om at dei var uroa for mannen. Han blei så funnen død i heimen sin. – Vi har ikkje mistanke om noko kriminelt, seier politiet til avisa.