Politiet etterforska omstenda kring lyngbrannen i Fortun i april 2003, og konkluderte med at det dreidde seg om ei ulukke. Dei pårørande kontakta då privatetterforskar Walter Andersen, som kravde ny etterforsking av di han meinte politiet i Luster hadde gjort for dårleg jobb.
Statsadvokaten fann at etterforskinga kunne ha vore grundigare, og bestemte i fjor at lensmannskontoret i Sogndal skulle etterforske ytterlegare.
Endra grunngjeving
No legg statsadvokaten bort saka for andre gong. Noko kriminelt er ikkje bevist, og Soknes seier saka dermed er avslutta.
- Vi har endra grunngjevinga for å legge vekk saka. Det gir ei opning for at noko kan ha skjedd, men at det ikkje let seg gjere å finne det ut, seier statsadvokat Bjørn Soknes.