Døden på norsk jord

Umenneskeleg behandling og regelrette drap bidrog til at 13.500 austeuropeiske krigsfangar døydde på norsk jord under krigen. Ikkje tidlegare publiserte bilete viser kor grufullt det var.

Død russisk krigsfange

DØD: Denne unge russiske krigsfangen enda sine dagar her ved ein arbeidsleiar i Nord-Norge. Kanskje vart han skoten i det han var i fred med å flyte. Fluktforsøk vart ofte straffa med skyting eller henging.

Foto: Ukjent tysk fotograf / William Hakvaag, Lofoten Krigsminnemuseum Svolvær

Utmagra og sjuke med klede som hang som filler rundt kroppen kom dei mange tusen krigsfangane ut av dei norske fangeleiarane i maidagane i 1945. Av i alt 100.000 fangar døydde 13.500 av dei. Dette er fleire døde enn det samla talet nordmenn som vart drepne under krigen, medrekna sjøfolka. NRK publiserer no fleire bilete som aldri tidlegare, eller i liten grad har vore viste offentleg før.

Russerfangar gravlegg landsmenn

Russiske krigsfangar dreg ein død landsmann mot den siste kvilestad ved ein av dei grufulle arbeidsleirane i Nord-Noreg. 13.500 krigsfangar mista livet i Noreg under krigen.

Foto: William Hakvaag, Lofoten Krigsminnemuseum

Dei fleste av krigsfangane døydde under forferdelege forhold med til dels grov vald før dei fekk ei kule i nakken. Verst var det i mange av leirane i Nord-Noreg, der rundt 13.000 krigsfangar vart sette til å bygge den 14 mil lange Nordlandsbanen frå Mo i Rana til Fauske.

Det var nærare 100.000 krigsfangar i Noreg under andre verdskrig

Det var nærare 100.000 krigsfangar i Noreg under andre verdskrig

Legerapport til å grine av

Ein av dei første legane som kom til fangeleiarane i Nord-Noreg i maidagane 1945 var Dag Fodstad. Han fann døde fangar i hopetal. I Bjørn Westlie si bok «Fangene som forsvann», om krigsfangane som bygde Nordlandsbanen, blir delar av Fodstad sin rapport frå 14. mai referert. Rapporten er ikkje til å misforstå:

«Dunderland fangeleir: 477 russere, derav 330 sjuke, 40 med tuberkulose, mange med ødem, 100 sterkt svekket og kan ikke gå. Mat utdeles annenhver dag».

«Storvollen fangeleir: 422 fanger, derav 300 sjuke, 23 med tuberkulose, ca. 30 døde etter 26. mars».

Dei austeuropeiske krigsfangane bude trongt og kummerleg
Foto: Leiv Kreyberg
Kraftig underernæring og alvorlege sjukdomar var vanleg for austeuropeiske krigsfangar i Noreg.

Vart definert som «undermenneske»

Det var stor forskjell på korleis krigsfangane vart behandla frå leir til leir. Dei aller verste leirane hadde nordmenn frå Hirdvaktbataljonen og vaktmannskap frå tyske SS ansvar for.

– Den såkalla «Blodvegen» ved Rognan og leiren i Beisfjord ved Narvik var aller verst. Desse leirane bar preg av å vere reine utryddingsleirar, seier William Hakvaag ved Lofoten krigsminnemuseum.

Russiske krigsfangar før dei skal skytast

LIKE FØR LIKVIDERING: Desse tre russiske fangane prøvde og rømme, men vart tekne utanfor Vadsø i Finnmark. Ifølgje Lofoten krigsminnemuseum er biletet teke like før dei tre blir skotne. Ein av dei er alvorleg mishandla i ansiktet.

Foto: Ukjent tysk fotograf / William Hakvaag, Lofoten krigsminnemuseum.

Ifølgje den nazistiske ideologien som dei frykta SS-soldatane styrte etter, vart austeuropearane definerte som «undermenneske».

– I Beisfjord vart forholda så forferdeleg at det vart for gale sjølv for tyskarane. SS fekk ikkje lenger styre leiren, og fangane vart sende til ein annan leir. Då levde berre 180 av 950 mann, fortel Hakvaag.

I fangeleirane som vart styrte av Wehrmacht var det veldig varierande korleis fangane vart behandla.

– Det avgjerande var kor nazifisert vaktmannskapet og leiinga var, seier Hakvaag.

Oppgraving av levningar etter krigsfangar

Her er ein i ferd med å grave opp leivningar etter krigsfangar som døydde under arbeid på vegen over Korgfjellet i Nordland. Biletet er teke like etter frigjeringa i 1945.

Foto: Sigvald Johnsen / Helgeland Museum

Mange hemndrap

Hakvaag fortel at dei som hadde samarbeidd med tyskarane i fangeleirane ofte vart utsette for grufulle hemnaksjonar. Ein episode frå Bjørnelva fangeleir på Saltfjellet like etter frigjeringa i mai 1945 viser korleis det kunne skje.

– Ein russisk krigsfange vart kasta på elva av landsmenn fordi dei meinte han hadde samarbeidd med tyskarane i leiren. Då norske soldatar greidde å få mannen på land igjen, hoppa ein russar fram med ein kniv og stakk landsmannen til døde. Sjølvjustis var ikkje uvanleg, seier Hakvaag.

Han legg til at den russiske drapsmannen vart sett fri då dei norske soldatane fekk vite at den avdøde fangen hadde samarbeidd med tyskarane.

Frykta angrep på Noreg

Det britiske kommandoraidet i Lofoten i mars 1941 og Måløyraidet i romjula same år kom som eit sjokk for Adolf Hitler. Han frykta at Noreg ville bli «krigens skjebneområde», noko som gjorde at utbyggingar i landet vårt fekk endå høgare prioritet. Den tyske diktatoren fekk behov for enorme mengder billeg arbeidskraft. Løysinga vart å hente inn 100.000 austeuropeiske krigsfangar.

Tyske offiserer utanfor ein fangeleiar i Nord-Noreg

FANGELEIR: Tyske Wehrmacht-offiserar utanfor ein leir for russiske krigsfangar i Nord-Noreg under andre verdskrig. Fangeleirane som vart styrte av Wehrmacht kunne vere mindre brutale. Det avgjerande var kor nazifisert vaktmannskapet og leiinga var.

Foto: Ukjent tysk fotograf / William Hakvaag, Lofoten krigsminnemuseum

I tillegg til å bygge jarnbane, vart fangane sette til å bygge vegar, flyplassar, forsvarsanlegg og fabrikkar. Mellom anna vart det bygd heilt ny veg i Finnmark (dagens E6).

Det vart bygd 20 nye flyplassar, eit utal forsvarsanlegg, arbeidet med bygging av aluminiumsfabrikkar i Årdal og på Sunndalsøra var i sluttfasen og kraftproduksjonen vart auka med 35 prosent i løpet av krigen.

Russiske fangar i arbeid med polarjarnbana ved Fauske

HARDT ARBEID: Russiske fangar i arbeid med jarnbanebygging sør for Fauske. Adolf Hitler ville i utgangspunktet at den såkalla «Polareisenbahn» skulle gå heilt til Kirkenes, men dette vart det ikkje noko av.

Foto: Ukjent tysk fotograf / William Hakvaag, Lofoten krigsminnemuseum

Av krigsfangane kom 90.000 frå Sovjetunionen, 4.100 frå Jugoslavia, 2.600 frå Tyskland og 1.700 frå Polen. I alt kom dei frå 21 ulike land. I tillegg var det om lag 15.000 utanlandske sivile tvangsarbeidarar og 30.000 tvangsutskrivne sivile nordmenn.

– Ingen vart så brutalt behandla som jugoslavane. Første året i dei fem nordlegaste leirane nærma dødsrata seg 70 prosent. Det er på nivå med dei verste konsentrasjonsleirane, seier historieprofessor Hans Otto Frøland.

Krigsfangane var fordelte på nesten 500 fangeleirar kring om i Noreg. Om lag 75 000 heldt til frå Nord-Trøndelag og nordover.

Kringsfangar får mat

ELENDIG MAT: Maten dei sovjetiske krigsfangane fekk i leirane var ofte elendig. Mange vart avmagra og sjuke.

Foto: Leiv Kreyberg

Var «fiendar av folket»

Ifølgje tysk rasepolitikk tilhøyrde dei austeuropeiske krigsfangane ein mindreverdig rase. Dette resulterte i at mange vart svært dårleg behandla. Rømmingsforsøk kunne bli straffa med tortur, skyting eller henging. Av dei som omkom, døydde to tredelar i Nord-Noreg. Det finst 63 ulike gravstader for krigsfangar i Noreg.

Norske soldatar rasar mot tyske fangar

RASANDE: Her ser vi norske soldatar i Nord-Noreg som har lite til overs for tyske soldatar som er tekne til fange. Forholda som vart avdekte i fangeleirane vekte avsky mot tyskarane i den norske befolkninga.

Foto: Ukjent

Soldatar som hadde vore tekne til fange, vart sett ned på av det Stalin-regimet. Tilbake i heimlandet måtte dei gjennom harde forhøyr. Om lag halvparten av dei fekk ikkje kome heim, men vart i staden plasserte i ulike arbeidsleirar, gjerne i ugjestmilde Sibir.

Vjatsjeslav Molotov og Josef Stalin

President Josef Stalin (til høgre) og utanriksminister Vjatsjeslav Molotov meinte at dei som vart tekne til fange under krigen var «fiendar av det sovjetiske folket». Mange tidlegare krigsfangar fekk difor lang fengselsstraff.

Foto: Franklin D. Roosevelt Presidential Library and Museum

Først i 1956, under president Nikita Khrusjtsjov vart dei tidlegare krigsfangane rehabiliterte. Dei vart ikkje lenger stempla som «fiendar av folket».