Hopp til innhold

Død person funnen i vatnet i Florø

Politiet stadfestar at personen som blei funnen i vatnet i Florø er omkomen.

person i vatnet, Florø
Foto: Truls Kleiven

Personen er ikkje identifisert.

Politiet vart varsla om personen i vatnet klokka 13:21. Personen vart teken på land, og det vart starta forsøk på gjenoppliving.

Etter ei tid vart personen erklært død på staden.

Det skal vere snakk om ein vaksen person.

Augevitne på land fortel at dei såg ein person som flaut i vatnet, men politiet kan ikkje seie noko om kor lenge han har lege der.

Politiet har heller ingen opplysingar om korleis personen hamna i vatnet.