Sakna 35-åring funnen død etter råd frå klarsynt

Ein mann vart torsdag ettermiddag funnen død på Breim i Gloppen. – Vedkommande vart funnen i samanheng med eit privat søk etter den sakna Per Arne Hestenes, seier operasjonsleiar Olaug Holme ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Leiteaksjon i Breim.

LEITEAKSJON: Det har vore gjennomført fleire søk i terrenget kring Øvresetkrysset på fylkesveg 60 etter den sakna Per-Arne Hestenes. Torsdag vart 35-åringen funnen død.

Foto: Stine Kyrkjebø Jiohansen/Heidi Lise Bakke

Den omkomne mannen vart funnen nord om Skinlo i 14-tida torsdag. Politiet opplyser at alt tyder på at det er den 35 år gamle Per Arne Hestenes som er funnen omkomen.

– Den avdøde vart funnen i terrenget utanfor tidlegare søkt område. Politiet har vore på staden, opplyser Olaug Holme, operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Sendt til obduksjon

Hestenes har vore sakna sidan eit trafikkuhell natt til laurdag 8. november. Ifølgje politiet er det ingen funn på staden som tilseier at den avdøde er utsett for noko kriminelt.

– Den avdøde blir rutinemessig sendt vidare for rettsmedisinsk obduksjon, opplyser politiet.

Pårørande er varsla om funnet og informasjonen er gjeven ut i samråd med desse.

Tungt for familien

I alt 25 personar deltok torsdag i eit frivillig søk etter den sakna. Søket starta i 09.30-tida og føregjekk eit godt stykke utanfor tidlegare omsøkt område.

Hans Andenæs er medlem i Gloppen Røde Kors Hjelpekorps og har vore sentral i den offisielle leitinga. Han er også nær venn av familien til Hestenes.

Det er sjølvsagt ein trasig dag for familien, men når utfallet vart som det vart, så er dei veldig glade for at han vart funnen før det kom snø i området, seier han.

– Heilt sidan uhellet og all den tid ein ikkje fekk kontakt med han, så har familien, i den grad ein kan bu seg på noko slikt, vore budd på at dette kunne bli utgangen, legg Andenæs til.

– Korleis har familien takla rykter og spekulasjonar som har gått?

– Rykter blir alltid ein ekstra belastning i ein slik situasjon, men familien har vore veldig flinke til å sortere ut ting. Dei har halde ein imponerande ro i situasjonen.

Klarsynt peika ut område

Ei veke etter siste livsteikn frå Hestenes, initierte politiet eit tre dagar langt søk i midten av november. Andenæs var sentral då Gloppen Røde Kors Hjelpekorps arrangerte søk helga etter.

Sidan har det vore søkt i mindre grupper. Området ein har søkt i dei siste dagane vart peika ut av Michael Winger, som meiner å vere klarsynt.

– Rådet var heilt avgjerande for at vi gjorde funn. Dette ligg så pass langt utanom det primære området rundt ulukkesstaden, og ligg heller ikkje langs noko veg som vi første omgang kunne tenkt at han hadde gått. Vi hadde nok aldri søkt i området der utan råd frå han, seier Andenæs.

Familien takksame for hjelpa

Winger har vore inne i saka i nokre veker og kom i helga til Breim saman med to kollegaer for å sjå nærare på området og saka. Funnstaden var kring 200 meter på sidan av området han hadde peika ut.

Både politiet og familien til Hestenes takkar Røde Kors, Norske Redningshundar og private personar som har delteke i søket.

– Familien er takksame i forhold til alle frivillige som har delteke i søket og ikkje minst Winger som på eige initiativ kom oppover for å hjelpe, seier Andenæs.