Hopp til innhold

Død kvinne blir obdusert i dag - får Kripos-hjelp

To teknikarar hjelper til i arbeidet når den døde kvinna som vart funnen i Sogndal fredag blir obdusert i dag. Det er framleis uklart om det er den sakna Veronica Heggheim Stegegjerdet som er funnen.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

FUNNSTAD: I dette området vart ei død kvinne funnen i ettermiddag. Både politiet og familien til Veronica Heggheim Stegegjerdet ventar på svar frå obduksjonsrapporten.

Foto: Christian Blom/Privat / NRK

– Vi har sendt to teknikarar til Bergen for å hjelpe til obduksjonen. Eg reknar med at den blir gjennomført i løpet av dagen, seier Mats Mogeland, vaktleiar på desken hjå Kripos.

Fredag ettermiddag vart ei kvinne funnen død i Barsnesfjorden i Sogndal. Det er i same område som Veronica Heggheim Stegegjerdet har vore sakna i tre veker. Politiet har førebels ikkje kunna stadfeste om den omkomne er den sakna kvinna.

– Vi håpar å ha ein sikker identitet på plass raskt. Dess raskare dess betre for dei pårørande, seier regionlensmann i Sogn, Asle Karoliussen til NRK.

Bistandsadvokat til den sakna sin familie, Synne Catrin Øren, sa til NRK fredag at det er ei tøff tid til for familien.

– Dei håpar å få svar på kva som har skjedd. Uavhengig av funnet er det framleis fleire spørsmål enn svar, sa Øren.

Uklart når dødsårsaka er klar

Obduksjonen blir gjennomført på Gades institutt i Bergen.

– Eg veit ikkje kor tid vi får svar på dødsårsaka, seier Mogeland.

Heller ikkje Karoliussen kan kome med noko klart svar på når ein får vite kva kvinna døydde av.

– Vi er avventande til det som skjer på Gades, seier han.

NRK fortalde fredag at Veronica Heggheim Stegegjerdet skal ha blitt utsett for vald og trugslar før ho forsvann. Politiet har ikkje villa kommentere desse opplysingane.

Laurdag vil ikkje Karoliussen seie noko om dei har indikasjonar på om det har skjedd noko kriminelt med kvinna som er funnen.

Asle Karoliussen

VENTAR: Regionlensmann i Sogn, Asle Karoliussen, håpar å få svar på kven den døde kvinna er så raskt som mogleg. Politiet får no hjelp frå Kripos for å finne svar på kva kvinne døydde av.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Held fram etterforskinga

Kripos reiste til Bergen for å hjelpe til under obduksjonen fredag. Dei hjelper no lokalt politi med det dei måtte trenge. Det er ikkje uvanleg at Kripos blir henta inn under obduksjonar.

– Det er vanleg prosedyre at Kripos kan hjelpe til.

Er det aktuelt for desse teknikarane å reise vidare til Sogndal etter å ha fullført jobben i Bergen?

– Det veit eg ikkje, og ser ikkje på det som eit tema no. Det viktige no er å få på plass ein identitet og få varsla pårørande, seier Karoliussen.

Det er allereie to teknikarar frå Kripos på plass i Sogndal for å hjelpe til med etterforskinga av saka.

– Vi vil arbeide vidare med saka gjennom helga, men ventar på svara kring kven kvinna er og dødsårsaka. Søndag vil vi starte med å å legge nye planar og fordele arbeidsoppgåver vidare, seier Karoliussen.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Veronica-saken Tidslinje for brødtekst» i nytt vindu