Hopp til innhold

Doblar tilskotet til Bokbyen

Regjeringa doblar tilskotet til Bokbyen i Fjærland når dei legg fram statsbudsjettet fredag.

- Tilskotet blir auka frå 100.000 kroner i år til vel 200.000 kroner neste år, opplyser stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap).

Laura Kvamme, dagleg leiar for Bokbyen,seier dette er eit gledeleg nyhende. Ho tar auken som signal på at den 10 år gamle bokbyen gjer dei rette tinga.