Hopp til innhold

Doblar omsetnaden

Coast Seafood i Måløy kjem i år til å nå ein omsetnad på 2 milliardar kroner. Dette er ei dobling i høve til året før.

Viseadministrerande direktør i Coast Seafood, Martin Øvrebø kan fortelje at prisen på laks har auka kraftig det siste året, noko som kan forklare den store omsetnadsauka.

- Frå sommaren 2005 har prisane auka jamnt, og vore på det høgaste i mai, juni og juli i år.

Gode tider 

Øvrebø er svært nøgd med utviklinga, og ser ingen grunn til at marknaden skal snu, sjølv om ein kanskje vil få ei lita korrigering i høve til rekordprisane som har vore i markednaden dei siste månadane.

- Eg tykkjer marknaden ser bra ut. Det er ein liten vekst i produksjonen i Noreg og globalt. Etterspørselen er jamnt god og prisane ser veldig gode ut framover og.

Trass i at dei gode prisane fører til at oppdrettarane ynskjer å produsere meir, er ikkje Øvrebø redd for at overproduksjon skal bli eit problem.

-Ikkje overproduksjon

Laksoppdrettar Elin Tveit Sveen i Marø Havbruk meiner lovgjevninga innan oppdrett vil regulere produksjonen, og at ein difor ikkje vil få ein overproduksjon av laks.

Ho fortel derimot at dei gode lakseprisane gjer at oppdrettarane nå kan investere i nytt og nødvendig utstyr.

- Vi tener gode penger på den fisken vi sel. Vi har utsett ein del investeringar og sett fram til ei tid med god inntening. Nå har vi sjansen til å investere og gjere dei tinga vi har planlagt i mange år. Vi er optimistiske på vegne av norsk oppdrettsnæring og vi håpar vi kan fortsetje å vere med å skape arbeidsplassane her på Svanøy, seier Sveen.

Nokon tapar

Den høge lakseprisen er ikkje berre positivt. Verksemder som foredlar laks slit på grunn av høge råvareprisar.

Styreleiar i Norske Sjømatbedrifters Landsforening, Odd Steinsbø, seier at fleire verksemder har problem fordi det blir vanskeleg å få ein god nok pris på ferdig foredla produkt.