Hopp til innhold

Doblar arealet - slik blir det nye kjøpesenteret

Fram mot julehandelen 2016 skal det investerast 200 millionar kroner i og rundt kjøpesenteret Moengården Vest på Nordfjordeid. Men dei er ikkje redd for at utvidinga vil stele kundar frå butikkane utanom senteret.

Utviding av Moengården

STORHANDEL: Slik vil kjøpesenteret sjå ut etter utvidinga av Moengården Vest på Nordfjordeid.

Foto: Moengården

Bjørn Kåre Moen

MARKNAD: Bjørn Kåre Moen meiner det er marknad for meir handel på Nordfjordeid.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Kjøpesenteret ligg i Nordfjordeid sentrum og rommar i dag 17 butikkar, men i dei nye utvidingsplanane er det lagt opp til heile 30.

– Vi meiner det er marknad for eit større kjøpesenter her. Vi har pågang frå leigetakarar som vil inn i senteret. Det er det som gjer at vi kan byggje så stort, fortel Bjørn Kåre Moen i Moengården Vest.

For allereie no er 80 prosent av det totale arealet av senteret utleigd.

– Det tek jo tid å byggje senteret, så når vi opnar dørene, så er målet at heile senteret skal vere utleigd, seier Moen.

50 nye arbeidsplassar

Planane om å utvide senteret starta i 2013, og eit større område er utfylt i sjøen og klargjort for senterutvidinga. No er planane klare og senteret kjem til å bli meir enn dobbelt så stort. I dag er senteret på 5.000 kvadratmeter og med utvidinga blir arealet på 11.500 kvadratmeter.

Eit større senter vil bety mykje både for Moengården og kommunen, trur Moen.

– Vi reknar med at utvidinga vil gjere at vi kjem opp i ei omsetning på vel 300 millionar kroner. Då vil vi vere eit relativt stort senter på regionnivå, fortel Moen.

Utvidinga vil føre med seg 40–50 nye heil- og deltidsarbeidsplassar i kommunen og regionen.

– Fleire av dei som jobbar her i dag bur både i Gloppen og Stryn og andre kommunar. Dette er arbeidsplassar som i praksis er for unge damer, og erfaringar viser at dei er viktige for plassar som Eid med tanke på utvikling og folketal, seier Moen.

Regionen sitt handelssentrum

Amfi Drift AS har ansvar for 77 kjøpesenter rundt om i landet og senteret på Nordfjordeid er ein av dei. Her vert det rom for butikkar som Coop Extra, Vitus Apotek, Cubus, Dressmann og Vita, skriv Moengården i ei pressemelding.

– Den posisjonen vi har på handel vil bli understreka med det nye senteret. Eg trur det vil vere nyttig for både senteret og dei andre som driv handel på Nordfjordeid.

Han er ikkje redd for at storsenteret skal ta kundar frå andre butikkar i sentrum som ikkje er ein del av senteret.

– Det spesielle med oss er at vi ligg berre 100 meter frå Eidsgata, fortel Moen. Han håpar senteret kan vere med å styrke gata og at dei i lag kan skape eit handelsmiljø og utvikling i sentrum.

Senterutbygginga vil starte over ferien i år og vere ferdig til jul 2016.

I tillegg er det sett av areal til større butikkeiningar på den nordlege delen av tomta. Det vert også lagt opp til bustader på tomta. Mellom anna er 40–50 moderne leilegheiter under prosjektering langs sjøfronten mot vest.

Moengårde Vest planar

DOBLAR AREALET: Slik skal senteret i Nordfjordeid sentrum sjå ut.

Foto: Moengården Vest