Hopp til innhold

Telenor doblar 3G-hastigheiten i fylket

No vil det gå dobbelt så fort unna enkelte plassar når du surfar via 3G-nettet i fylket.

3G mobil
Foto: Montasje, Johansen/Dalaker / NRK

Telenor doblar hastigheiten på 3G-nettet på rundt 30 plassar rundt om kring i Sogn og Fjordane.

Dermed kan ein no surfe på mobilen med opp til teoretiske 42 Megabite i sekundet – dersom ein er åleine i området rundt basestasjonen.

Viktig oppgradering

– Det betyr at det å bruke mobilt breiband via 3G-nettet på dei plassane vi har gjort dette, vil gå dobbelt så fort unna, seier Bjørn Amundsen, dekningsdirektør i Telenor.

Han meiner dette er ei viktig oppgradering.

– Hastigheiten vil kunne bli opptil over 40 Megabite. Eg trur ikkje du vil få det, men hovudsaka er at data via mobilen, PC og iPad vil gå dobbelt så fort, fortel Amundsen.

Kjem året før 4G

Dette er noko for alle kundar som har 3G på mobilen sin og som har abonnement som støttar dei ulike hastigheitene.

– Dersom nokon har eit abonnement som gir høg hastigheit så gir det òg glede for dei som ikkje har det sidan dei raske vert fortare ferdig, seier Amundsen.

Han meiner dette er ein enkel måte for telenor å gi eit betre tilbod på. Eit tilbod som kjem året før 4G kjem til Sogn og Fjordane.

– Vi kjem sikkert til å auke hastigheita dei andre plassane og, men no har vi gått gjennom dei plassane som har mest trafikk som blant anna Florø-området og Førde-området.

Han legg til at det er desse plassane i fylket som har mest 3G trafikk, både om sommaren og elles i året.