Dobbeltsiger for Jotun-jentene

Jotun sine handballjenter tok to viktige bortesigrar denne helga, og jobbar seg stadig nærare kvalifiseringsspel til 1. divisjon. - Det var to arbeidssigrar, seier trenar Olafur Sveinsson.

Laurdag vart Bjørnar 2 ekspedert med 26-29, og i kampen på søndag måtte Kjøkkelvik unngjelda med 27-31.

Olafur Sveinsson
Foto: Siren Svoretvik, IL Jotun

Åleine på topp

Dermed ligg årdølene åleine på toppen av 2. divisjonstabellen, fire poeng framfor Os som har spelt like mange kampar. Sveinsson dreg spesielt fram Marianne Øren, Ramona Szabo og keeperen Gudrun Mariasdottir som dominerande spelarar.

- Alle jobba bra og me jobba oss til poenga, seier Sveinsson.

Fem kampar att

Jotun har no spelt 13 av 18 kampar i årets sesong. No står det att to bortekampar, og tre kampar heime.

- Me føler me har retning mot kvalifiseringsspelet, seier leiaren i handballgruppa, Jarle Nundal.