– Sævik eig verftet. Han har eit selskap som driv det, og han eig båten. Det er som med reven; han har mange utgangar, seier Atle Strandebø, som driv Strandebø Slipp og Mek Verksted i Ulsteinvik som er ein av kreditorane til det konkursturga vertet.
Strandebø er ein av dei som meiner Sævik har ei dobbeltrolle når han eig skipsverftet og samtidig eig 34 % av reiarlaget Artic Shipping som bestilte den siste båten frå Havyard Eid.
Lyn forbanna
Mange kreditorar hevdar dei vart haldne med godt prat frå leiinga i Havyard Eid heilt til båten var ferdig, fyrst då fekk dei vite at skipsverftet hadde økonomiske problem.
– Fyrst når båten går frå kai slik at det ikkje er meir å hente for kreditorane, får vi plutseleg vite at det går mot akkordløysing eller konkurs. Då er det klart at folk vert lyn forbanna, seier Strandebø, som har snakka med mange sinte kreditorar.
100 kreditorar
I følgje Firda har omlag 100 bedrifter uteståande pengar frå Havyard Eid. Skipsverftet skuldar somme bedrifter over ein million kroner.
Rekneskapet syner at dei i fjor hadde eit negativt driftsresultat på over fire og ein halv millionar kroner, i tillegg var eigenkapitalen brukt opp.
Ingen kommentar
Verken Per Sævik eller dagleg leiar i Havyard Eid, Svein Nes, vil kommentere påstandane frå kreditorane.