NRK Meny

Dobbelt så mange brot

Det glatte føret gjer at ortopedisk avdeling på Førde sentralsjukehus har hatt ekstra mykje å gjere dei siste dagane. – Sidan julaftan har vi hatt dobbelt så mange pasientar med ankel- og handleddsbrot som normalt, seier lege i spesialisering Truls Evjensvold. Dei har fått inn 35-40 brot, omkring halvparten treng operasjon. Han ber folk ta det med ro på glatta og ta på seg sko med skikkeleg sole.